torsdag 5. juli 2012

Hoggormens forsvar

Blir ofte til at ein kjem inn på dette med hoggorm, i desse dagar. Folk flest er livredde, men dei fleste har likevel aldri sett ein. Eller i alle fall "knapt ein gong", som vi seier :)

Mange har nok vore i nærheten, men gått forbi utan å ane at dei har vore nær.

Hoggormens viktigaste forsvar er nemleg å smyge seg vekk uten at den vert oppdaga - og IKKJE å bite! Forsvar med å bite er derimot siste utveg dersom den føler at den ikkje kan snike seg vekk eller ikkje har tid til det.

Å ha god tid når ein skal fotografere hoggorm er viktig, men det er slett ikkje alltid ein har.

Hadde min eldste sønn heime på ferie og vi tok oss ein snartur på fjellet før eg skulle på arbeid. Eg spurde om han ville sjå hoggorm og det var greit. Basert på vær og temperatur gav eg han 90% sjangse til å få sjå hoggorm, sjølv om vi hadde begrensa tid. Vi fann ho, ei stor og vakker ei, og han fekk ta nokre bilder av henne før ho vart "klar over han" og smaug seg stille vekk. Når dei ligg slik gøymt i lyngen der berre hovudet stikk ut av ei lita hole, er det omtrent umuleg å sjå den. Eller kva trur du når du ser på bilda og tenkjer over størrelsen på tyttebær-/ blåbærblada, røsslyng og alt "rotet" rundt?

TRYKK PÅ BILDA FOR Å SJÅ DEI STØRRE :)








7 kommentarer:

Kathrine sa...

Likte veldig godt de to siste bildene:) Selv er jeg oppvokst med hoggorm, og mine foreldre lærte oss at vi ikke skulle skremme hoggormene, men la de være i fred. Tror vi voksne har mye av skylden for at mange er uvitne og redde dette flotte dyret.

:)

Torbjørn Wingsternes sa...

Hei.
Som du forteller i teksten er det jo kamuflasje og flukt som gjelder for alle skapninger i naturen, så også for hoggormen.

Geir Ole sa...

Takkar Kathrine og Torbjørn!

Kathrine: er vel ingen tvil om kven som skal ha skulda. Vi vaksne burde no vite betre!

Det er heilt riktig som du seier Torbjørn. Men sjokkerande mange som går rundt og trur at hoggormen - den BIT, først og fremst, så aggressiv og farleg som den er...utruleg nok!

HansKE sa...

Fine bilder av denne fasinerende skapningen!
Det er mye hoggorm rundt omkring her jeg bor også, og veldig mange er redd dem!

Christer K sa...

Fina bilder på huggorm i miljö. Verkligen gömd där den ligger i riset och lurar. Och visst är det så när man träffar på denna orm så far iaf jag lite extra spänst i steget och "flyger" förbi ;)
Oftast har jag träffat på huggormen när jag är ute och luffsar i skogen. Då kan den ligga i en solfläck på en stig och gotta sig i värmen...

/Christer K

Tom Dyring sa...

Som du kanskje vet (????) står disse ormene mitt hjerte nær ! Disse bildene hadde virkelig fin atmosfære

Anonym sa...

Den första bilden är riktigt läcker och verkligen bra :)

/PJ