torsdag 24. januar 2013

Nausta i vinterdrakt

Berre ein liten tur ut i kulda før avreise. Elva er flott både sommar og vinter. Ha ei god helg!



tirsdag 15. januar 2013

Sunrice, sunset

We can only appreciate the miracle of a sunrise if we have waited in the darkness.
Suverent godt sagt for oss som er van med slike situasjonar og kjenner oss så godt igjen. Slik kan vi vel også illustrere situasjonen om kvelden, mot natt. Her eit lite knippe bilder som illustrerer litt av mangfaldet av fargevalørar slike stunder kan gi.
 
Steve McCurry har ein veldig flott blogg. Han har eit innlegg med lik tittel som meg, der det er mange gode sitat - og mykje bra bilder :)







lørdag 5. januar 2013

Mørke lyspunkt

Eg kryp varsomt inn
Ingen varme, berre mørket
Ingenting å sjå

Mørket favnar fjellet
Og tjernet ligg djupt og svart
Nøkken søv


Langs fjellet opnar styggen gapet
Anden legg seg som tåka
Kryp lenger mot tjernet


Det buldrar frå fjellet
Isen dreg mot avgrunnen
Møter sterke, lyse skrik

Kvite lyspunkt
Teiknar klårt mot bakgrunnen
Syng kalde tonar